Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2018 . - Bok . - 444 s.
Nynorsk
Opplysninger:
Når vi tenkjer på korleis folk budde før, ser vi kanskje for oss enkeltvise garder innramma av store åkerlapper. Det mange ikkje veit, er at klyngetuna var sentrale deler av gardsdrift og samfunnsorganiseringa i vår nære historie. Mellom 1860-1920 pågjekk ei modernisering som løyste opp disse buformene, men inntil då budde mange nordmenn i samla klyngetun der eit lappeteppe av åkre blei dyrka mellom husa. I dag er nokon av klyngetuna freda; somme har blitt til museer, atter andre til feriebustader. Frå Agder i sør til Troms i nord gir forfattarane eit bilete av dei norske klyngetuna, ein bygge- og butradisjon som vektlegger det solide og det nære. Forfattarane fekk idéen til denne boka under arbeidet med bokas Norges låver. Omtalen er utarbeidd av BS.
Hylleplass:
728.6 R
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Mange trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tuna budde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga.

Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til «Klyngetunet» då dei samla stoff frå heile landet til bestseljaren «Norges låver». På si hittil siste reise har dei vitja meir enn femti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk.

Ein gong fanst det mange tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg.

Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bu i fellesskap.

I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, inneheld boka historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna.

Dei siste åra har vi sett ei stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.

Av stein


av Eva Røyrane (Eva Røyrane, Oddleiv Apneseth (foto))
Bok utgitt 2017
Ledig på hovedbiblioteket
Bestill Husk denne

Klyngetunet : den norske landsbyen


av Eva Røyrane (Eva Røyrane, Oddleiv Apneseth)
Bok utgitt 2018
Ledig på hovedbiblioteket
Bestill Husk denne

Norges låver


av Eva Røyrane (Oddleiv Apneseth (foto))
Bok utgitt 2014
Ingen ledig på hovedbiblioteket
Bestill Husk denne

Vestlandshus : våningshus frå Jæren til Sunnmøre


av Eva Røyrane (Eva Røyrane, Oddleiv Apneseth (foto))
Bok utgitt 2020
Ledig på hovedbiblioteket
Status på filialen(e): Ledig

Bestill Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Klyngetunet : den norske landsb
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://barum.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=517770