Forlaget skriv om denne boka: Sofie er ei ekte pappajente. Ho er veldig stolt av faren sin, som ho tykkjer er den finaste pappaen i heile verda. Nokre gonger er han klovn, andre gonger trollmann og av og til også ein superhelt.
Men kva skjer når pappa vert sjuk og så stille som ei mus? Når han ikkje vil leike med Sofie, berre sove?
Ei morosam bok for alle som er glade i pappaen sin.