Opplysninger2
| Kulturfond
. - Inneholder 9 noveller
. - Og alle ting vert nye er andre utgåve i den årlege novelleantologien Nye nynorske noveller som inneheld nyskrivne noveller som presenterer breidda i den nynorske litteraturen. Novellene i samlinga handlar om å høyre til og om røter og slekters gang. Dei går føre seg i tidlegare tider, vår eiga tid - og i verdsrommet. Vi møter mellom anna ein tidlegare laushund som tek på seg eit stort ansvar, ei jente som desperat prøver å halde att ei venninne som er på veg bort, ein mann som i auga til eit lite barn ser alt som kunne ha vore, og ein mann som ser familiegarden gå opp i flammar. Novellene er skrivne av: Tore Kvæven, Susanne Skogstad, Erlend Kaasa, Rakel Solstad, Aina Basso, Annlaug Selstø, Oda Malmin og Inger Bråtveit. Boka presenterer òg ein debutant, Anne Lise Frøkedal. Omtalen er utarbeidd av BS.
|